Kystjegerkommandoen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kystjegerkommandoen (KJK) vart etablert på Trondenes leir utanfor Harstad 10. desember 2001. KJK er ein høgt prioritert avdeling, spesielt når det gjeld utstyr og trening. Avdelinga er spesielt eigna for å nedkjempe hurtig oppdukkande og asymmetriske trugsmål på sjø og land i kystsona. Kystjegerpatruljane er sjømobile med Stridsbåt 90N eller med gummibåt. Hovudvåpenet er HELLFIRE-missilet. Kystjegerkommandoen vidareførar nokre av tradisjonane frå Kystartilleriet og skal vere fullt operativ i 2005.