Kvaløya i Finnmark
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvaløya Lokalt namn: Fálá |
|
---|---|
Hammerfest, den største byen på Kvaløya |
|
Geografi | |
Stad | Nord-Noreg |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 336 km² |
Høgaste punkt | Svartfjellet (629 moh) |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Finnmark |
Største busetnad | Hammerfest (6832 innb.) |
- Denne artikkelen er om Kvaløya i Finnmark fylke, for andre tydingar sjå: Kvaløya (fleirtyding).
Kvaløya (samisk Fálá) er ei øy i Finnmark fylke og er delt mellom Hammerfest og Kvalsund kommunar. Arealet er 336 km², og øya er såleis den 13. største i Noreg. Det høgste fjellet er Svartfjellet med 630 m.o.h. Hammerfest ligg på nordvestsida av øya. Øya er forbunde med fastlandet gjennom Kvalsundbrua.
Det meste av øya er avrunda, skoglause fjell, men øya har også område med fjellbjørk, som Jansvannsskogen nær Hammerfest, eit av dei nordlegaste skogholta i verda.
Kvaløya er eit viktig område for reindrifta i Finnmark, med ca. 1800 dyr på sommerbeite.
Namnet skal kome av at øya liknar ein kval når ein ser ho frå skipsleia gjennom Sørøysundet.