Kuwait by
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kuwait by er hovudstad i emiratet Kuwait. Byen er ein av dei travlaste finans- og handelssentrum i området kring Persiabukta. Namnet på byen er formelt Al-Kuwait - الكويت. Folketalet var på 191 000 i 1991. Lokalt er byen uformelt kjend som "byen" (Al-Diera - ألديره). I byen ligg Majlis Al-Umma (parlamentet i Kuwait), og dei fleste hovudkontora til styresmaktene i landet. Kuwait by ligg på 29°22'11" nord og 47°58'42" aust (29.369722, 47.978333). [1]