Kunstig satellitt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein kunstig satellitt er ein menneskeskapa satellitt som er brakt i bane rundt jorda, ein planet, eller ein annan lekam. Den første gong ein kjenner til at kunstige satelittar er nemnd, er frå 1869 i novella «The Brick Moon» av den amerikanske forfattaren Edward Everett Hale[1]. Den første verkelege menneskeskapa satellitten er Sputnik 1 som vart sendt opp av Sovjetunionen den 4. oktober 1957. Den eldste satellitten som framleis er i bane rundt jorda, er Vanguard 1 som feirer 50 år den 17. mars 2008[2].