Kronprins Frederik av Danmark
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kronprins Frederik av Danmark (Frederik André Henrik Christian) (fødd 26. mai 1968 i København) er eldste son av dronning Margrethe II av Danmark. Om Frederik vert konge i Danmark, vil han verta kong Frederik X av Danmark. Morfaren var kong Frederik IX av Danmark.
Kronprinsen er utdanna ved Universitetet i Aarhus, og har i tillegg ei omfattande militær utdanning.
8. oktober 2003 forlova kronprins Frederik seg med australske Mary Donaldson, som han hadde møtt under Sommar-OL i Sydney i 2000. Bryllupet fann stad i Vor Frue Kirke i København den 14. mai 2004. Kronprinsparet fekk sitt fyrste barn, Prins Christian, 15. oktober 2005.
Som etterkomar av Sophia av Hannover har kronprins Frederik òg arverett til den britiske trona, men er langt nede på lista.
[endre] Lenkje ut
Føregjengar: Margrethe II av Danmark |
Arvefylgja til den danske trona (–)
|
Etterfylgjar: Prins Christian av Danmark |