See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Kronos - Wikipedia

Kronos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kronos (som Saturn) et ein av ungane sine i måleriet Saturno devorando a su hijo (1821-1823) av Francisco Goya.
Kronos (som Saturn) et ein av ungane sine i måleriet Saturno devorando a su hijo (1821-1823) av Francisco Goya.

Kronos er namnet på ein av titanane i gresk gudelære. Namnet hans liknar på det til Chronos, personleggjeringa av tida, men dei to er ikkje den same. Kronos svara til Saturn i romersk gudelære. Han høyrde til den første generasjonen av titanane, og nokre myter seier at han var den yngste av dei.

Grekarane dyrka Kronos som ein gud for korn, natur, jordbruk og grøde. Han blei gjerne avbilda med ein sigd i handa, både fordi han var grødegud og avdi han brukte sigden som våpen. Festivalen Kronia blei halden i Aten den tolvte dagen av kvar månad (hekatombaion) til ære for Kronos og grøden.

[endre] Liv og gjerningar

På oppfordring frå mora Gaia – Jorda – tok Kronos på seg å gjera opprør mot faren Uranos – Himmelen – som hadde sperra nokre av dei mange barna deira inne i Tartaros. Med ein sigd mora hadde gjeve han sprang Kronos på far sin og drepte eller lemlesta han ved å skjæra av han testiklane. Uranos forbanna han og sa at for ugjerningen sin skulle Kronos møta same skjebnen.

Ei anna forklaring på korleis han kom til makta seier at Kronos nedkjempa den onde slangetitanen Ophion. Etter at han hadde frigjort verda frå denne tyrannen vart han ein rettvis konge over henne.

Kronos blei i alle fall herskaren over jorda, og han tok systera si Rhea til dronning. Regjeringstida til Kronos blei kalla gullalderen, ettersom alle levde i fred utan å trenga lovar eller reglar.

[endre] Etterkomarar

Tida var likevel ikkje like god for alle. Kronos sperra inne dei yngste barna til Gaia – dei hundrearma kjempene, gigantane og kyklopane – igjen, og sette monsteret Kampe til å vokta dei. I tillegg prøvde han å unngå spådommen til Uranos om at ein av sonene hans skulle bli banen hans. Etter kvart som Rhea fekk born, svelde han dei heile. Hestia, Demeter, Hera, Hades og Poseidon forsvann på dette viset. Men då Rhea venta Zevs, hadde ho fått nok. Ho gøymde det nyfødde barnet og svøypte i staden ein stein som ho gav til faren. Han trudde på at dette var barnet, og svelde steinen.

Zevs vaks så opp og gjorde akkurat som spådommen hadde sagt. Han frelste søskna sine anten ved å tvinga faren til å spytta dei ut igjen, eller ved å skjæra opp magen hans og redda dei ut den vegen. Han sette òg fri dei yngste barna til Gaia, og som takk fekk han torden og lyn av dei, som blei våpna hans. I ein stor krig mot mange av titanane vann så Zevs og søskna herredømet over verda. Kronos og titanane sperra dei inne i Tartaros – og kyklopane og gigantane blei igjen sett i fangenskap.

I tillegg til barna med Rhea fekk Kronos Pothos (attrå) med Afrodite og kentauren Cheiron med Phylyra.

[endre] Opphav

Både grekarane og seinare forskarar har sett ein samanheng mellom dyrkinga av Kronos før Zevs-dyrkinga blei populær, og kulten rundt den semittiske guden Ba'al Hammon. Mellom anna kjem myta om barnesluking til Kronos frå denne tidlegare tida, og Ba'al Hammon blei av og til dyrka gjennom barneoffer.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -