Korsfjorden i Sør-Trøndelag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Korsfjorden er ein delfjord av Trondheimsfjorden i Orkdal, Trondheim og Rissa kommune i Sør-Trøndelag. Fjorden ligg i området der Flakkfjorden går vidare austover og Orkdalsfjorden går sørover. Fjorden har ei lengd på om lag 4 km frå vest til aust.
Kommunegrensa mellom dei tre kommunane møter kvarandre midt i Korsfjorden. Fjorden startar i vest mellom Rødbergneset i nord og Geitaneset i sør. I aust endar fjorden om lag mellom Trongen i nord og Rye i sør.
Bygda Stadsbygd ligg i Rissa på nordsida av fjorden.