Korgen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plassering | ||
---|---|---|
|
||
Hemnes i Nordland | ||
Geografi |
|
|
Folketal[1] | 846 (2008) | |
Folketettleik | 693,4 /km² | |
Areal[1] | 1,22 km² | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Annan informasjon | ||
Ferdselsårer | E6 806 | |
Postnummer | 8646 KORGEN |
Korgen er administrasjonssenter i Hemnes kommune i Nordland. E6 går gjennom Korgen.
Korgen var eigen kommune frå 1. juli 1918 då Korgen vart skild ut frå Hemnes kommune, til 1. januar 1964 då Korgen vart slått saman med Hemnesberget, den sørlege delen av Sør-Rana og ein del av Hattfjelldal til nye Hemnes kommune.
Korgen er eit sokn i Hemnes prestegjeld. Korgen kyrkje vart bygd i 1863. Soknet omfattar den nedste delen av den gamle kommunen, med dalføra Leirskarddalen og Bryggfjelldalen. Den øvste delen av det gamle heradet er Blekvasslia sokn.
Handelsstedet på Korgøyra vart grunnlagt av Ludvig Schultz Knoph i 1795, etter at han i 1787 hadde fått kongeleg løyve til å drive gjestgiveri og bondehandel på staden. Korgen har skule, kyrkje, gjestegard, campingplass og fleire butikkar. Statkraft Helgeland har hovudkontor i Korgen.
Tydinga til namnet Korgen er uvisst, men det kan ha samanheng ordet Korga=Vidjering, i så fall frå den bukta Røssåga gjer rundt staden.
[endre] Kjelder
- Asbjørn Bech: Ludvig Schultz Knoph 1750-1842, i Årbok for Helgeland 2004
- Rygh: Norske Gaardnavne
[endre] Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2008.