Knute Nelson
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knute Nelson (2. februar 1843–28. april 1923) var ein amerikansk politikar. Han var fødd på Evanger litt utanfor Voss og emigrerte til Amerika i 1849. Der vart han medlem av Representantane sitt hus i den amerikanske Kongressen, senator og guvernør i Minnesota. Tidlegare hadde han også vore medlem av delstatsforsamlinga i Wisconsin og i senatet i staten Minnesota. Under den amerikanske borgarkrigen tenestegjorde han i Nordstatane sin armé. Han var medlem av Representantane sitt hus frå 3. mars 1883 til 3. mars 1889. I 1892 vart han vald til Minnesotas 12. guvernør og attvald i 1894. Han sat i embetet til 31. januar 1895 då han drog seg attende for å førebu seg på å verta senator. I 1895 vart han vart vald som representant for Republikanarane til det amerikanske senatet. Som senator var han med på danninga av det amerikanske Handels- og arbeidsdepartementet og utforminga og godkjenninga av Nelsons konkurslov (Nelson Bankruptcy Act) i 1898. Han var eit svært akta senatsmedlem til han døde i 1923.