See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Knut Dale - Wikipedia

Knut Dale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

| Knut Dale, fødd 1835 og daud 1921, var ein kjend spelemann frå Tinn i Telemark. Han er den mest framtredande læresveinen til Håvard Gibøen. Gjennom han vart Gibøspelet førd vidare i Tinn, ikkje minst av dei to sønesønene hans, Johannes Dale og Gunnar Dale.

Knut var tippoldebarn av spelemannen Brynjulv Olsson, som hadde vore forpaktarspelemann på 1700-talet. Soleis ætta han frå den eldste spelemannsslekta i Tinn.

Han var på turne i USA i fire år, frå 1896 til 1900.

Knut Dale vart oppsøkt av Johan Halvorsen kring 1901, og Halvorsen skreiv ned ei rekkje slåttar etter han. Mange av desse vart nytta som grunnlag for klaverarrangement av Edvard Grieg seinare, i hans op. 72. Slåttane skreiv seg både frå Myllarguten og Håvard Gibøen.

Knut er og kjend for å ha forma ut og dikta slåttar sjølv, mest kjend er vel springaren Rjukanfossen, som Dale laga medan han sto ved kverna og lydde på fosseduren.

Han rakk å spela inn nokre nummer for Rikard Berge, som gjorde opptak på voksrull i 1910. Dette har seinare vore nytta som primærkjelde for forsking og arbeid med Grieg sine slåttar op. 72, og til samanlikning med spelet til sønesønene.

Elles er Knut Dale nok eit døme på den tvitydige haldninga det sentrale kunstnarmiljøet kunne ha til ein spelemann. Vel sette Johan Halvorsen pris på slåttenedskriftene etter Knut, men samstundes vart han omtala i svært nedlatande vendingar i etterkant, noko som og hadde vore tilfelle med Myllarguten før.

Innhaldsliste

[endre] Nedskrifter etter Knut Dale

Hardingfeleverket har teke med ei av Halvorsen sine nedskrifter, medan tilfanget elles er gjort av Arne Bjørndal. Truls Ørpen og Eivind Groven. Dei av slåttane i Grieg-opuset som ikkje er skrivne ned etter Knut Dale, vart skrivne ned etter Johannes eller Gunnar Dale seinare.

[endre] Gangar 6/8

  • Tussebrureferdi, Norsk folkemusikk 115b. Nedskrift Truls Ørpen 1910 etter voksrullopptak (Ø 397). Finst i fleire variantar. Variant c er etter Ola Mosafinn. Arrangert av Edvard Grieg.

[endre] Gangar 2/4

  • Trollhallingen, Norsk folkemusikk 96. Nedskrift Arne Bjørndal 1911 (Bjørndal gamle slåttar hefte V nr 7).
  • Lappen, Norsk folkemusikk 133a. Nedskrift Arne Bjørndal 1911 (B 131). Dale lærte slåtten av Håvard Gibøen i 1857. Slåtten har namn etter spelemannen Hølje Lappebakken som bruka han mykje. Han var frå Hjartdal.
  • Torstein Brunsdalen, Norsk folkemusikk 139c. Nedskrift Eivind Groven 1921 (G 437) etter opptaka til Rikard Berge. Torstein Brunsdalen var ein dugande dansar frå Numedal, og slåtten finst elles skriven ned derifrå.
  • Gudvangen, Norsk folkemusikk 147c. Nedskrift Eivind Groven 1920 etter voksrullopptak. Slåttenamnet skriv seg frå spelemannen Per Gudvangen frå Aurland. Slåtten finst og i Hallingdal (147a).
  • Kvamshallingen, Norsk folkemusikk 148a. Nedskrift Arne Bjørndal 1911 (Bjørndal gamle slåttar hefte tre nr 9). Slåttenamnet er etter Jon Kvammen frå Åmotsdal. Han var og kalla Jon Vestafe eller Jon Kjos. Dale lærde slåtten av Myllarguten på Åmyrmarken i 1860.

[endre] Springar

  • Veumen, Norsk folkemusikk 239. Nedskrift Arne Bjørndal 1911. Dale hadde slåtten etter spelemannen Petter Veum frå Fyresdal.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -