See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Knelarnettvengjer - Wikipedia

Knelarnettvengjer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Knelarnettvengjer


Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Underklasse: Pterogyta
Infraklasse: Neoptera
Orden: Neuroptera
Familie: Mantispidae
Vitskapleg namn
Mantispidae

Knelarnettvengjer (Mantispidae) er ei familie insekt som høyrer til nettvengjene. Namnet sitt har dei fått fordi dei har fått forbeina sine omdanna til fellklør som ser ut som dei knelarar har. Gruppa finst normalt ikkje i Noreg, men førekjem stundom på importert tropisk frukt.

Det er kjend rundt 350 artar på verdsbasis, fordelt på 45 slekter og fleire underfamiliar. Fem artar er kjende frå Europa, men berre Mantispa styriaca førekjem nord for Middelhavsområdet. Denne er funnen så langt nord som nord i Tyskland.

Innhaldsliste

[endre] Kjenneteikn

Knelarnettvengjer har kraftige fellklør på det første beinparet og ber det som regel opp mot mellomkroppen. Forbrystleddet er alltid tydeleg forlenga, men med ein del variasjon mellom ulike undergrupper. Elles liknar dei ganske mykje på andre nettvengjer, både når det kjem til kropp, bein og vengjer. Dei kan stundom ha markerte fargeteikningar i gult og svart for å imitera kvefsar, men som oftast er dei ganske lite iaugefallande fargemessig. Ofte har dei eit tydeleg pterostigma eller vengjemerke.

Hovudet har relativt korte, men velutvikla følehorn og store metalliske fasettaugo. Munndelane er ikkje spesialiserte, og punktaugo ocelli manglar heilt.

Gruppa omfattar for det meste middels store insekt, frå 20 til 47 millimeter i lengd.[1]

[endre] Levesett

Vaksne knelarnettvengjer er aktive rovdyr som nyttar fellklørne sine til å fanga ulike bytteinsekt, oftast fluger og sommarfuglar som kvilar på blomar. Det finst både dag- og nattaktive artar.

Desse insekta flyg ikkje vidare godt, men er flinke til å springa. Gruppa er elles ganske dårleg kjend biologisk sett.

Paringa er ritualisert. Partnarane står nokre centimeter frå kvarandre og viftar med følehorn og forbein i om lag ti minutt først, kanskje for å visa kvarandre at dei ikkje er potensielle byttedyr. Sjølve paringa tek om lag ein time, og hoene flyg for å legga egg umiddelbart etterpå.

[endre] Utvikling

Knelarnettvengjer legg særs mange egg. Somme artar kan legga så mange som 8000 av gongen. Ofte legg fleire hoer egga sine samla på same stad. Rekorden for tal på egg på ein yngleplass ligg på 150 000.

Som andre nettvengjer har knelarnettvengjene tre larvestadium. Det første, det compodeiforme stadiet, er heilt annleis frå dei to andre og er slankt med fireledda følehorn. Det har velutvikla løpebein og hardt og tjukt skal på forbrystet. Stadiet tek ikkje til seg næring, men er likevel særs aktivt og kan røre mykje på seg.

Mantispa styriaca, ein art som førekjem langt nord for Alpane.
Mantispa styriaca, ein art som førekjem langt nord for Alpane.

Dei scarabaeiforme larvane av andre og tredje stadium er vertsspesifikke rovdyr eller sosiale parasittar. Dei kan gå på edderkoppkokongar, bol av solitære (ikkje-sosiale) bier eller sosiale kvefs eller jordlevande insektlarvar. For det meste et dei egg, daude eller levande larvar eller detritus. Desse to stadia liknar makk med 1-3-ledda følehorn, små hovud og særs korte bein. Slike insekt som har fleire ulike larvestadium seier me at har hypermetamorfose.

Forsøk med slektene Plega og Nolima i laboratoriet har vist at knelarnettvengjelarvane kan nyttiggjera seg av mykje forskjellig mat, sjølv om dei i naturen stort sett berre et ein eller nokre få artar. Dette har vist at kosthaldet i stor grad vert avgjort av kvar hoene legg egga sine.

I motsetnad til mange andre nettvengjer syner ikkje knelarnettvengjene kannibalistiske trekk.

[endre] Egglegging

Knelarnettvengjer nyttar fleire ulike strategiar for å få lagt egga sine nær passande vertar, som i edderkoppkokongar eller i kvefsebol.

Arten Climaciella brunnea, og kanskje fleire, heng seg på ho-edderkoppar og ventar til ho spinner eggkokongen sin. Larvane til denne klarar ikkje å bora seg inn i kokongane på eiga hand, så egga må leggjast der før han er ferdig spunnen. Nettvengjehoa må vera forsiktig når ho gjer dette for å unngå å bli eten av edderkoppen.

Andre artar, til dømes Mantispa viridis, har larvar som gneg seg inn i kokongen på eiga hand. Atter andre artar, som Mantispa uhleri, kan nytta begge strategiane.

Trichoscelia santareni er parasitt på dei sosiale kvefsane Polybia diguetana. Her har ein observert egglegginga ganske godt i felt, kor nesten femti hoer samla seg nær eit bol. Dei sat først roleg, flaug rundt i små sirklar og sette seg ned att. Etter dette går dei rett inn i bolet og legg egga der. Korleis dei får dette til utan å bli åtaka er ei gåte.

[endre] Evolusjonshistorie

Knelarnettvengjer er sjeldne som fossil, og me veit lite om korleis dei utvikla seg. Den første fossile arten vart beskriven frå Oligocentida i Tertiær så seint som i 1921. Promantispa silimis frå juratida er den eldste forma me kjenner til, og vart beskriven i 1980. Få andre fossil er funne seinare, men dei er kjende frå både russisk og tysk berggrunn. Ut frå den noverande utbreiinga til gruppa trur ein desse nordlege formene døydde ut og at familien seinare spreidde seg ut frå tropane att[2].

Ein reknar den vesle, spesielle nettvengjefamilien Berothidae som søstergruppa til knelarnettvengjene. Denne gruppa er artsfattig, men har likevel så mykje som ein art i Europa i dag.

[endre] Kjelder

  • Greve, Lita: Knelernettvinger (Neuroptera, Mantispidae) - en spesiell insektgruppe i Insekt-Nytt #4 1997

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Knelarnettvengjer


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -