Kjernefysisk nedsmelting
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei kjernefysisk nedsmelting skjer når kjerna i ein atomreaktor smeltar. Ei slik hending vil vere ei alvorleg atomulykke. Kjerna kan smelte seg gjennom golvet i reaktoren og ned i undergrunnen – prosessen vil løpe til reaktorkjerna er nedkjølt, noko som kan skje om ho treffer grunnvatn.
Den mest kjente kjernefysiske nedsmeltinga sidan atomkraft vart teken i bruk som erergikjelde, er er Tsjernobylulykka i 1986.
Filmen «Kinasyndromet» er bygd over ei tenkt nedsmelting som ikkje stoppar, men som går djupare og djupare – mot Kina?