Kirkens Bymisjon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirkens Bymisjon er ein diakonal stiftelse som driv sosialt arbeid på fleire felt, mellom anna innan
- rusomsorg
- eldreomsorg
- barnevern
- tiltak for barn og unge familiar
- tiltak blant prostituerte
Kirkens bymisjon driv òg kyrkjeleg arbeid med gudstenester, open kyrkje, sjelesorg, forkynning og anna arbeid i samarbeid med kyrkjelyder og lokale organisasjonar.
Kirkens Bymisjon vart grunnlagt av professor i teologi Gisle Johnson 22. januar 1855 under namnet Christiania Indremissionsforening, seinare Oslo Indremisjon. Ei tid gav dei ut vekeavisa Vår Kirke. I 1985 skifta foreininga namn til Kirkens Bymisjon.
Etter 1985 er det i tilknytning til Kirkens Bymisjon etablert stiftelser fleire stader i Noreg. På landsbasis har bymisjonstiftelsane til saman ca 1750 fagleg tilsette. Ca 1850 frivillige er òg knytt til arbeidet. Stiftelsane driv om lag 70 store og små institusjonar og virksemder. Den største stiftelsen er i Oslo med vel 1400 tilsette. Kirkens Bymisjon har senter i Oslo, Tromsø, Bodø, Trondheim, Bergen, Stavanger, Tønsberg, Fredrikstad, Drammen, Kristiansand, Haugesund og Lillestrøm.
Kirkens Bymisjon er leia av generalsekretær Sturla Stålsett.