Kim Småge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kim Småge (fødd 23. juni 1945 i Trondheim), eigentleg namn Anne Karin Thorshus, er ein norsk forfattar, frilansjournalist og tekstforfattar. Ho er utdanna cand.mag. ved Universitetet i Trondheim med faga norsk, engelsk og geografi. Ho er òg utdanna instruktør i Norges Dykkeforbund. Debuterte som forfattar under namnet Kim Småge i 1983. Småge var den første i Noreg som vart omtala som «krimdronning», og ho vert rekna som ein av grunnleggjarane for den feministiske krimbølgja i Noreg.
Gjennomgangsfigur i mange av kriminalromanane hennar er politibetjent Anne-Kin Halvorsen. Bøkene refererer ofte til eit felles univers rundt Trondheim politikammer som Småge deler med forfattarane Fredrik Skagen, Idar Lind og Anne Birkefeldt Ragde.
[endre] Utgjevingar
- Nattdykk – Kriminalroman (1983)
- Origo – Kriminalroman (1984)
- Kainan – Kriminalroman(1986)
- Figurene – Ungdomsbok (1986)
- Interrail – Ungdomsbok (1988)
- Lex Love – Roman (1991)
- Kvinnens lange arm – Noveller (1992)
- Sub rosa – Kriminalroman (1993)
- En kjernesunn død – Kriminalroman (1995)
- Containerkvinnen – Kriminalroman (1997)
- Medaljen – Lettlestbok for psykisk utviklingshemma (1997)
- Koksbiter og trollsplint – Roman (1999)
- Solefall – Kriminalroman (2002)
- Dobbeltmann – Kriminalroman (2004)
[endre] Prisar
- Rivertonprisen 1983, for Nattdykk
- Beste ungdomsroman 1986, for Figurene
- Språklig samlings litteraturpris 1990
- Glassnøkkelen 1993, for Sub Rosa
- Palle Rosenkrantz-prisen 1998, for En kjernesunn død