Khüitenfjellet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khüitenfjellet | ||
---|---|---|
Høgd over havet | 4374 moh | |
Ligg i/på | Mongolia, Kina | |
Fjellkjede | Altajfjella | |
Koordinatar | Koordinatar: |
Khüitenfjellet (mongolsk Найрамдал оргил, Nairamdal orgil, Хүйтний оргил, Khuijtij orgil, òg Venskapstoppen) er ein fjelltopp i provinsen Bajan-Ölgij lengst vest i Mongolia. Han er ein av fem toppar i Tavan Bogd-massivet («dei fem helgenane») i lag med Khujtnij Orgil (det høgaste fjellet i Mongolia), Naran Uul, Ölgij Uul og Bürged Uul. Stundom vert Nairamdal òg kalla Tavan Bogd Uul.
Desse toppane dannar grensetriangelet mellom Mongolia, Russland og provinsen Xinjiang i Kina. Dette er óg staden i Mongolia som ligg nærast Kasakhstan, som berre er 40 km unna.