Kerlingarfjöll
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kerlingarfjöll er ei fjellkjede på Island med ei høgd på 1 477 meter over havet. Det ligg på Det islandske høglandet nær vegen Kjölur. Det vulkanske opphavet til desse fjella ser ein på dei mange varmekjeldene og småelvane i området, og dei er faktisk ein del av eit stort vulkansystem på 100 km². Vulkanane i kjeda er tuyaer.
Jordsmonnet er skimrande raudt i området på grunn av den vulkanske rhyolittsteinen som fjella består av. Mineralar frå dei varme kjeldene har óg gjeve bakken gul, raud og grøn farge.
Området hadde tidlegare eit skisenter som var open på sommarstid, men dette vart lagt ned i 2000.
[endre] Sjå óg
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Kerlingarfjöll frå Engelsk Wikipedia .