Karsporeplanter
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karsporeplantar («Pteridophyta», av gresk Pteron - fjør, venge) er ei gruppe plantar som formeirar seg med sporar som vert danna i sporehus eller sporangium. Dei har korkje blomar, frø eller frukt, og har ofte ei klår generasjonsdeling i livssyklusen sin. Saman med moser og lav høyrer dei til kryptogamane.
I dag finst det tre store grupper karsporeplantar: kråkefotplantar, snelleplantar og bregner. Gruppa er parafyletisk, sidan frøplantar stammar frå ho.