Kari Nyquist
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kari Nyquist (fødd Stoesen i 1918 i Oslo) er ein norsk keramikar. Ho er utdanna frå Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo 1934–1938.
Parallelt med at ho gjekk på skulen fekk ho også verkstadpraksis like i nærleiken av skulen hjå Eilif Whist i Waldemar Thranesgate og William Knutzen i Wesselsgate. Etterpå arbeidde ho ei tid ved Åros Keramikk i Røyken og sidan hjå Schneider og Knutzen AS på Slemdal i Oslo.
Nyquist opna eigen keramikkverkstad i Oslo i 1942. Der hjelpte fyrst Jo Vogt og så mann hennar, Jan Nyquist, til med dreiinga medan ho sto for dekorane.
På 50- og 60-talet formgav ho mange dekorar for Stavangerflint, mellom anna mange suvenirplatter med leikfulle og detaljrike motiv frå norske byar. Mange av dekorane ho laga for Stavangerflint er einsfarga trykkdekorar i blått, raudt eller svart på ein ljos grå botnfarge. Ho laga også dekorar til barneservise i same stil, og eit teservise som også er representert ved Victoria and Albert Museum i London.