Kanaan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kanaan, er eit namn mellom anna frå det gamle testamentet på landet vest om Jordanelva. Seinare vart eit nokolunde tilsvarande område kjend som Palestina. Namnet Kanaan er òg kjend frå eldre egyptiske kjelder, og landet tillhøyrde tidvis antikkens Egypt. Landet var folkesett av kanaanittar.
For israelittane var Kanaan "det lova landet", det som Gud lova dei på Abraham si tid og dit dei vandra i førti år i vandringa ut av Egypt.