See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Josiah Wedgwood - Wikipedia

Josiah Wedgwood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne artikkelen er om den eldste Josiah Wedgewood. Han hadde også ein son (sjå Josiah Wedgwood II), eit barnebarn og eit oldebarn (sjå Josiah Wedgwood, 1st Baron Wedgwood) med same namn.
høgreJosiah Wedgwood
høgreJosiah Wedgwood

Josiah Wedgwood (12. juli 17306. januar 1795) var ein engelsk pottemakar, og det er han som plar få æra av å ha industrialisert framstillinga av keramisk gods.

Innhaldsliste

[endre] Biografi

[endre] Barndom og tidleg vaksenliv

Fødd som det tolvte og yngste bornet til Thomas og Mary Wedgwood, overlevde Josiah Wedgwood eit barndomsutbrot av koppar. Han byrja som lærling i pottemakarfaget hjå far sin som eigde The Churchyard Works i Burslem i Staffordshire i England. Kopparen førte til eit varig svekka kne for Josiah, noko som gjorde han ute av stand til å bruke fotpedalen på eit pottemakarhjul. Som resultat av det konsentrerte han seg frå ung alder om å formgje keramisk gods i staden for å lage det.

Då han var i sine tidlege tjueår byrja han å arbeide hjå den mest vidgjetne engelske pottemakaren på den tida, Thomas Whieldon. Der byrja han å eksperimentere med eit stort utval av keramiske teknikkar, og han byrja å sjå for seg moglegheitene av å kombinere desse eksperimenta og det han såg av tidleg industialisering i den nærliggjande byen Manchester. Oppeldna leigde Wedgwood Ivy Works i heimbyen sin Burslem og sette i gong. I løpet av det neste tiåret endra eksperimenteringa hans (og ein ikkje liten innsprøyting av kapital frå giftemålet hans til ein rik fjern slektning, Sally Wedgwood) den søvninge handverkarverkstaden til den fyrste verkelege keramiske fabrikken.

[endre] Ekteskap og born

Wedgwood ekta Sarah Wedgwood (ein firmenning). Saman fekk dei borna:

  • Susannah Wedgwood (1765–1817) (mor til den engelske naturforskaren og vitskapsmannen Charles Darwin)
  • John Wedgwood (1766–1844)
  • Josiah Wedgwood II (1769–1843)
  • Thomas Wedgwood (1771–1805)
  • Catherine Wedwood (1774–1823)
  • Sarah Wedgwood (1776–1856)
  • Mary Anne Wedgwood (1778–1786)

Arbeidet til Wedgwood var av svært høg kvalitet, og frå 1763 byrja han å motta ordrar frå høgst oppe i det britiske kongehuset, inkuldert frå Dronning Charlotte. Wedgwood overtalte henne til å late han kalle ein serie gods ho hadde innkjøpt for <<Queen's Ware>>, og utbasunerte dei kongelege tilknytingane på skrivepapiret og konvuluttane sine. Som ein spirande industrialist var Wedgwood ein av dei viktigaste bakmennene for The Trent and Mersey Canal mellom elva Trent og elva Mersey. Under dette arbeidet vart han ven med Erasmus Darwin.

Seinare same tiåret førte den veksande verksemda til at han flytta frå det mindre Ivy Works til det nybygde Etruria Works, som skulle kome til å vere i drift i 180 år. Fabrikken hadde fått namnet sitt frå Etruria distriktet i Italia, der svart porselen frå den etruskiske sivilisasjonens tider vart utgrevne. Wedgwood fann dette porselenet inspirerande, og fekk sin første store kommersielle suksess med sin versjon av det han kalla "Black Basalt". Ikkje lenge etter at den nye fabrikken opna førte dei vedvarande problema med det kopparangrepne kneet til at han måtte amputere det høgre beinet.

I 1780, døydde forretningspartnaren hans gjennom mange år Thomas Bentley, og Wedgwood vende seg til Darwin for hjelp til å drive selskapet. Som eit resultat av dei nære forbindelsane som vaks fram mellom Wedgwood og Darwin familiane, ville ei av Josiah's døtre seinare gifte seg med son til Erasmus. Eit av borna frå det ekteskapet, Charles Darwin, skulle også gife seg med ein Wedgwood, Emma, Josiah's barnebarn. Det var på mange måtar arva av Josiah's pengar som gjorde det mogleg for Charles Darwin å leve det frie livet som førde til at han kunne framsetje sin teori om evolusjonen.

[endre] Alderdom og død

På slutten av livet var Wedgwood's store mål å lage ein kopi av den såkalla Portlandvasen, ein blå og kvit glasvase frå det første århunderet. Han arbeidde med det prosjektet i tre år før han til sist hadde fått laga det han meinte var ein tilfredstillande kopi i 1789. Etter å ha overlete selskapet sitt til sønene døydde Wedgwood i 1795.

Selskapet til Wedgwood er framleis kjend for porselenet sitt i dag og "Wedgwood" er den vanleg brukte termen for hans jasper ware, det blå (eller somme gonger i andre fargar) keramiske godset med påsatte dekorasjonar i kvitt, som framleis er vanleg å sjå verda over.

Teikning til Wedgwood-medaljongen.
Teikning til Wedgwood-medaljongen.

Wedgwood var eit aktivt medlem i Lunar Society og er nemd på Moonstones i Birmingham. Han var òg ein forkjempar for å få slutt på slaveriet, gjennom anna mellom å produsera ein medaljong med ein knelande slave som spurde "Er ikkje eg eit menneske og ein bror?"

[endre] Bakgrunnsstoff


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -