Joint Aviation Authorities
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joint Aviation Authorities (JAA) er ei samanslutning av europeiske luftfartsmyndigheiter, og ein del av European Civil Aviation Conference (ECAC). Desse vil samarbeide om å utvikle og ta i bruk tryggleiksstandardar og -prosedyrar. Hovudkontoret til JAA ligg i Nederland. JAA har 34 medlemsland.