John Cale
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Cale (fødd 9. mars 1942) er ein walisisk musikar, og var saman med Lou Reed ein av hovudpersonane i den stilskapande rockegruppa Velvet Underground. Cale, som har klassisk skolering, var kanskje ein av dei viktigaste bidragsytarane til Velvet Undergrounds tidlege eksperimentelle lydbilete. Cale slutta i bandet etter albumet White Light/White Heat, og har sidan gjeven ut ei rekkje soloalbum og samarbeidsprosjekt både innan rock og klassisk musikk.
I 2003 gav han ut sitt første soloalbum på 7 år, Hobosapiens, som hadde sterke innslag av moderne elektronisk musikk. To år seinare, i 2005 gav han ut oppfølgjaren Black:Acetate som musikalsk sett haldt fram i noko av det same sporet som forgjengaren.