Japans riksdag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Japans riksdag (japansk kokkai, 国会) består av to hus, overhuset (衆議院, sangiin) og underhuset (衆議院, shūgiin). Overhuset har 247 medlemmar og underhuset 480 medlemmar.
Parlamentsbygninga (国会議事堂 Kokkai-gijidō) ligg i Nagata-chō i Chiyoda i Tokyo. Parlamentet møttest for fyrste gong den 29. november 1890 etter at Meiji-forfatninga trådte i kraft. Parlamentets førebilete var den tyske Riksdagen og det britiske parlamentet.
Den japanske statsministeren må vera medlem av parlamentet, og er vanlegvis ledar for det største partiet i underhuset.