Janez Janša
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Janez Janša, fødd Ivan Janša 17. september 1958 i Ljubljana i det dåverande Jugoslavia, er ein slovensk politikar og statsminister i Slovenia sidan 2004.
Janša vart først kjent i 1980-åra som forsvarsekspert for bladet Mladina, som opphavleg var organet til ungdomsavdelinga til det slovenske kommunistpartiet. I slutten av 1980-åra starta ein demokratiseringsprosess i Slovenia, og Mladina utnytta denne til å trykkja artiklar meir kritiske til det kommunistiske regimet enn det som før hadde vore mogleg. Janša sto bak ein serie artiklar kritiske mot den jugoslaviske hæren. I mai 1988 vart han arrestert, saman med tre andre, og stilt for retten i ein militær domstol anklaga for å ha røpa militære løyndomar. Dei fire tiltalte vart dømde til fengselsstraffer på mellom seks månader og fire år.
I 1989 var Janša med på å stifta det første slovenske opposisjonspartiet, Den slovenske demokratiske unionen (Slovenska demokratična zveza - SDZ). Under det første frie valet i 1990 tok SDZ del i opposisjonskoalisjonen DEMOS (Demokratične Opozicijske Stranke - Dei demokratiske opposisjonspartia), som vann valet. Han vart forsvarsminister i Slovenia, ein posisjon han hadde under den slovenske sjølvstendekrigen i juni/juli 1991. Etter at SDZ vart splitta i 1992 vart han med i Slovenias sosialdemokratiske parti (Socialdemokratski stranki Slovenije - SDS) og heldt posten som forsvarsminister til mars 1994. Han måtte då gå av etter anklagar om at han hadde misbrukt posisjonen sin. Han var igjen forsvarsminister frå juni 2000 til november 2000 i den kortvarige statsministerperioden til Andrej Bajuk.
I mai 1993 vart han leiar for SDS. Partiet vert rekna som eit sentrum-høgre parti og skifta i 2002 navn til Det slovenske demokratiske partiet (Slovenska demokratska stranka - SDS). Ved parlamentsvalet 3. oktober 2004 vart SDS det største partiet med 29,1 % av røystene. Den liberale regjeringa gjekk av, og Janša vart statsminister, 9. november 2004.
Føregjengar: Anton Rop |
Statsminister i Slovenia (2004–)
|
Etterfylgjar: |