Jalal Talabani
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jalal Talabani (f. 1933) er ein kurdisk irakar med lang fartstid innan politikken, og er leiar for Kurdistans patriotiske union (PUK). 6. april 2005 blei han vald til irakisk president etter det første frie valet landet har hatt.
Talabani, som gjerne blir kalla Mam (onkel) Jalal blant kurdarar, er utdanna advokat ved universitetet i Bagdad. Han byrja den politiske karrieren sin som student, då han grunnla den kurdiske studentunionen, ei ungdomsfylking til det kurdiske demokratiske partiet (KDP).
Han steig raskt i gradene i morpartiet, men usemje med partileiaren Mustafa Barzani førte til at han blei med i ei utbrytargruppe, KDP-Political Bureau. Gruppa var leia av Ibrahim Ahmad som seinare skulle bli svigerfar til Talabani. I 1966 tok gruppa regjeringa si side og førte ein militær kamp mot KDP.
I 1975 danna Talabani og andre Kurdistans patriotiske union (PUK), eit sosialistisk parti som prøvde å heva seg over stammetilhøyre og kjempa mot regjeringa. Partiet tok snart opp våpen mot regjeringa. I 1988 blei dei sterkt ramma av dei kjemiske våpna som blei brukt mot kurdarane. Talabani måtte flykta frå Nord-Irak til Iran.