Jørstadmoen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jørstadmoen er ein norsk militærleir og standkvarteret til Forsvarets kompetansesenter for kommando og kontrollinformasjonssystemer. Staden ligg i Lillehammer kommune, nordvest for byen.
[endre] Historie
Jørstadmoen har vore brukt som ekserserplass sidan 1700-talet, men det var fyrst på slutten av 1800-talet Jørstadmoen vart leir med fast bygningsmasse. Leiren vart brukt til internerings- og flyktningleir fleire gonger under den fyrste verdskrigen og i mellomkrigsåra. Tyskarane bygde ut mesteparten av leiren under krigen, mellom anna den tidlegare fangeleiren K-leir, som ligg utanfor resten av leirområdet i dag.
Jørstadmoen er også kjend frå Lærarinterneringa under krigen. I 1942 vart 686 lærarar internert på Jørstadmoen av NS-regimet for vidare deportering til Nord-Noreg. Seinare vart leiren brukt til internering av russiske krigsfangar før dei vart deporterte til andre fangeleirar rundt om i Noreg.
Etter krigen overtok sambandet leiren. Hæren sitt samband prega Jørstadmoen fram til avdelinga i 2005 vart erstatta av eit nytt felles kompetansesenter; FK KKIS. FK KKIS ivaretek samband, kommando og kontrollinformasjonssystem for heile Forsvaret, både hær, sjø og luft. Sjefen i FK KKIS og plasskommandant for basen Jørstadmoen er brigader Jon Ragnar Krogstad.