Jørgen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jørgen er den norsk-danske versjonen av det greske namnet Geôrgios (Γεώργιος). Namnet er sett saman av geô (jord) og ergo (å arbeida), og tyder altså «ein som dyrkar jorda» eller ganske enkelt «bonde».
Den heilage Jørgen, drakedreparen som òg er kjend som sankt Georg, var ein viktig kristen helgen, og gjorde sitt til at det audmjuke namnet spreidde seg i Europa og vidare. Det finst no i forskjellige former i dei fleste europeiske språka. Andre norske former av namnet er Ørjan og Georg. Namnet har òg kvinnelege utgåver. Det som tilsvarar Jørgen er Jørgine.
Jørgen hattemakar er eit omgrep som vert brukt for å symbolisera «vanlege» folk, då ofte samanlikna med kong Salomo, som symboliserar storfolk, rikfolk e.l.
Det er 10 311 menn som har Jørgen til fornamn i Noreg (1.1.2004).
[endre] Utanlandske variantar
- Engelsk: George
- Fransk: Georges
- Gresk: Geôrgios (Γεώργιος)
- Italiensk: Giorgio
- Katalansk: Jordi
- Litauisk: Jurgis
- Russisk: Георгий (Georgij)
- Spansk: Jorge
- Svensk: Göran
- Tysk: Georg, Jörg, Jürgen
- Ungarsk: György
[endre] Kjende namneberarar
- Jørgen-Frantz Jacobsen, færøysk forfattar
- Jørgen Kosmo, norsk politikar
- Jørgen Leth, dansk forfattar
- Jørgen Moe, norsk biskop, forfattar og eventyrsamlar
- Jørgen Norheim, norsk forfattar og historikar
- Jørgen Løvland, norsk politikar
- Jørgen Rostrup, norsk idrettsutøvar
[endre] Lenkjer ut
- Søk etter norsk namnestatistikk for Jørgen hjå Statistisk Sentralbyrå