Ioniserande stråling
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ioniserande stråling er eit samleomgrep på stråling som kan slå elektron ut av atom slik at desse blir til ion.
Ein kan dela ioniserande strålning inn i elektromagnetisk stråling (ultrafiolett, røntgen- og gammastråling) og partikkelstråling (energirike elektron, proton og liknande som har ein energi på nokre elektronvolt).
Radioaktive stoff sender frå seg ioniserande stråling av seg sjølve.
Innhaldsliste |
[endre] Biologisk verknad
Ion er kjemisk reaktive og kan føra til skader på levande vev. Ut frå storleiken på dosen kan ioniserande stråling føra til celledød, strålesjuke og kreft.
[endre] Bruk
Ioniserande stråling blir brukt innan helsevesenet for dei celledrepande eigenskapane sine, særleg innan strålebehandling av kreft. Strålinga blir då konsentrert til det sjuke området.