IJsselmonde
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
IJsselmonde er ei elveøy mellom bielvene Nieuwe Maas, Noord og Oude Maas i Rhinen-Maas-Schelde-deltaet i provinsen Zuid-Holland i Nederland. Byen Rotterdam dekkjer i dag det meste av den nordlege delen av øya og den tidlegare landsbyen med same namn låg tidlegare på øya. Øya var ein rik jordbruksregion men består i dag stort sett av forstader. Berre dei sentrale områda i sør har framleis eit jordbrukspreg.
Innhaldsliste |
[endre] Zwijndrechtse Waard
Opphavleg var Zwijndrechtse Waard, der landsbyen Zwijndrecht ligg, var ein gong ei eiga elveøy og den vestlege greina av Waal rann mellom dei. Denne delen av Waal vart demd opp i begge endar og Waard vert i dag rekna som ein del av IJsselmonde.
[endre] Grenser
IJsselmonde grenser til:
- fastlandet i nord på andre sida av Nieuwe Maas
- øya Putten i vest på andre sida av elva Oude Maas
- Hoeksche Waard i sør på andre sida av Oude Maas
- øya Dordrecht i søraust på andre sida av Oude Maas
- Alblasserwaard på fastlandet i aust på andre sida av elva Noord
[endre] Kommunar
IJsselmonde består av kommunane:
- Albrandswaard
- Barendrecht
- Hendrik-Ido-Ambacht
- Ridderkerk
- Rotterdam (den sørlege delen )
- Zwijndrecht
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «IJsselmonde (island)» frå Engelsk Wikipedia, den 12. februar 2008.