See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Idretten squash - Wikipedia

Idretten squash

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Squash-rackett og -ball
Squash-rackett og -ball

Squash eller skvåsj er ein innandørs idrett som kan minne om tennis, men ballen blir slått mot ein vegg i staden for over eit nett. Namnet viser til den mjuke ballen som blir bruka i spelet.

Squash blir vanlegvis spelt av to spelarar, men òg nokre gonger av fire (i «doublekampar», dvs. to mot to). Squash blir spelt på innandørsbanar som har fire veggar, med standardiserte rackettar og ein liten, hol gummiball. Squash blir rekna som ein fysisk svært krevjande idrett. Det er ikkje uvanleg å forbrenne 700-1000 kaloriar i løpet av ein time med speling.

Innhaldsliste

[endre] Reglar (kort)

Kort fortalt blir ballen slått mot frontveggen, eventuelt via ein annan vegg. Ballen må treffe nedanfor dei øvste vegglinene. På frontveggen må han òg treffe over plata (når det blir serva, må han treffe over servelina). Dersom ein treffer plata, gjev ho gjerne frå seg ein lyd, slik at det er lett å oppdaga sjølv om spelet går svært raskt. Vanlegvis går eit game (dvs. omgang) til 9 poeng, og det er berre servaren som får poeng. Ein kamp består av 3 eller 5 game.

Ei slagveksling blir innleidd med at den eine spelaren servar. Han skal da slå ballen direkte mot frontveggen frå den eine sida av banen over til motstandaren på den motsette sida. Dei etterfølgjande slaga må slåast direkte mot frontveggen eller via dei andre veggane. Ein spelar må seinast returnere ballen før han treffer golvet for andre gongen. Slagvekslinga blir avgjort til ein spelar sin fordel når motstanderen ikkje lykkast i å returnere ballen til frontveggen på rett måte.

[endre] Poengteljing

Det finst to skåringssystem. I det mest utbreidde systemet i Europa er det berre servaren som kan skåre poeng. Viss servaren tapar ei slagveksling (ein «ball») går retten til å serve til motstandaren, som da får høve til å skåre poeng. Som nemnt, blir det normalt spelt til 9 poeng i kvart game, men ved stillinga 8–8 skal den spelaren som ikkje har serven bestemme om det skal spelast vidare til 9 («set one») eller 10 («set two»).

Mindre utbreidd i Noreg og Europa er «amerikansk score», der alle ballar gjev poeng, same kven det er som servar. Her blir det spelt til 15. Ved stillinga 14-14 skal servemottakaren velje om det skal spelast vidare til 15 eller 17.

[endre] Bane og utstyr

Ein squashbane til singlebruk er 9,75 meter lang og 6,40 meter brei. Frontveggen er 4,57 meter høg, bakveggen 2,13 meter. Double blir spelt anten på ein singlebane eller på ein doublebane, som er omtrent ein meter breiare.

Ein squashrackett er både i storleik og vekt noko i mellom ein badmintonrackett og ein tennisrackett. Normalt er han ca. 65 cm. lang og veg 110-180 gram.

Squashballar som blir bruka av erfarne spelarar og til turneringar, er merka med ein eller to gule prikkar, veg 24 gram og er 4 centimeter i diameter. Til nybegynnarar og mindre erfarne spelarar finst det ballar med blå, kvite og raude prikkar. Desse er det betre sprett i, slik at spelarane får betre tid til å nå ballen.

[endre] Utbreiing

I Noreg er squashklubbane organisert i Noregs Squashforbund. Det er òg mange spelarar som er uorganisert.

Den første noregsmeisterskapen i squash vart arrangert i 1978, men idretten har anar i England så langt tilbake som til 1800-talet. Nokre meiner squash oppstod som tidsfordriv i fengsel, der ein ball vart kasta eller sparka opp mot ein mur. Det finst i dag squashbanar i ca. 150 land, og talet på spelarar på verdsbasis er av det internasjonale squashforbundet vorte rekna til rundt 15 millionar. Trass i dette har squash aldri vorte tatt opp til det olympiske programmet. Grunnar til dette kan vera at squash har svak interesse mellom sponsorar, på grunn av sporten sine fysiske rammer, som gjer han vanskeleg tilgjengeleg både for tilskodarar og fjernsyn. Squash er likevel no éin av fem sportsgreiner som IOC har bestemt seg for å «studere nærare» for å vurdere om dei skal inkluderast i dei Olympiske Leikane i 2012.

[endre] På verdsveven


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -