Husbukk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Husbukk |
||
Systematikk | ||
Rekkje: | Arthropoda | |
Underrekkje: | Hexapoda | |
Klasse: | Insecta | |
Underklasse: | Pterogyta | |
Infraklasse: | Neoptera | |
Orden: | Coleoptera | |
Familie: | Cerambycidae | |
Underfamilie: | Cerambycinae | |
Slekt: | Hylotrupes | |
Vitskapleg namn | ||
Hylotrupes bajulus |
Husbukk er ei bille i trebukkfamilien. Arten finst over store delar av verda og er eit frykta skadedyr. Det er larvane som gjer skaden, då dei lever av daudt tre. Trugsmålet er verst mot hus bygd i furu og andre bartre.
[endre] Utbreiing
Husbukken har eit enormt utbreiingsområde, noko som har med transport av tømmer å gjera. Arten sitt opphav er lenger sør i Europa, men i dag finn ein han òg i Nord-Amerika, Kina, Midtausten, Nord-Afrika og tilmed i Perth i Australia.
Ein reknar med at eksemplara i Noreg stammar frå importert trevirke. Ein kjenner arten i dag frå varme kyststrok frå Hvaler til Trøndelag, samt i Sauherad i Telemark. Det har òg førekome funn i Oslo-området, men her finst han ikkje i dag.
[endre] Levesett
Husbukken sine larvar gneg på daudt og gamalt trevirke, særleg i hus. Arten sitt livsløp er godt studert her i landet, kor han berre er funnen i bygnadar. Som regel tek det tre til fem år før larvane forpuppar seg, men under særs dårlege tilhøve kan det gå så mykje som 18 år. Den viktigaste variabelen i Noreg er sommartemperatur.
Forpuppinga skjer om våren. Dei vaksne insekta klekkest frå juni og utover.