See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Hurtigruta - Wikipedia

Hurtigruta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

MS Midnatsol.
MS Midnatsol.

Hurtigruta er namnet på ei passasjer-, post- og godsrute som siglar frå Bergen til Kirkenes. Hurtigruten Group ASA (HRG) driv 11 skip som alle brukar 11 dagar på ein rundtur frå Bergen. Til saman er det 34 stoppestader.

Hurtigruta er avhengig av statstilskot, og har vore det sidan oppstarten i 1891. Samferdselsdepartementet la ut nytt anbod for trafikkering på denne strekninga frå 1. januar 2005 fram til 31. desember 2012 og var open for internasjonale verksemder, men fekk berre eitt anbod, nemleg frå OVDS og TFDS. (Desse 2 selskapa utgjorde i si tid Hurtigruta, men fusjonerte 1. mars 2006 til HRG). I desember 2004 gjorde så Staten og hurtigruteselskapa ein avtale for tida fram til 2012 om at Hurtigruta skal segla dagleg, heile året, mot eit statstilskot på 1,9 milliardar kroner.

Innhaldsliste

[endre] Historie

[endre] Hurtigruta vert etablert

Indredepartementet lyste ut anbod i 1891 for igangsetjing av ei snøggrute som skulle gå frå Trondheim og nordover til Vadsø om sommaren, eller til Hammerfest om vinteren, to gonger i veka. Ingen leverte inn anbod.

Denne utlysinga vart forandra 21. september 1892 etter forslag frå Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS), der det berre var krav om ein tur i veka, og at ho berre skulle gå til Tromsø om vinteren og til Hammerfest om sommaren. VDS vann anbodet.

[endre] Den første rundreisa

DS Vesteraalen gjekk på den første reisa si frå Trondheim 2. juli 1893, og Richard With var kaptein. Ho gjekk innom Rørvik, Brønnøy, Sandnessjøen, Bodø, Svolvær, Lødingen, Harstad, Tromsø, Skjervøy og til slutt Hammerfest.

Det var mange som ikkje trudde på at Hurtigruta ville kunna halda ein stram ruteplan i den mørke og vêrharde nordnorske vinteren. Det første prøveåret viste likevel at dette lét seg gjera. Vesteraalen var omtrent like punktleg om vinteren som om sommaren. Kaptein Richard With og los Anders Holte hadde gått nøye gjennom seglingsleia og hadde skrive ned kursar, strekningar og passeringstider. Dei utarbeidde så kurstabellar som gjorde at ein kunne segla etter klokke og kompass i dei fleste vêrtypane.

Sommaren 1894 blei det gjeve klarsignal for skip nummer to, medan det tredje skipet kom til i 1898. Dette var det første som segla frå Bergen.

[endre] Reisetid og stoppestader

Den første reisa, frå Trondheim til Hammerfest, tok 67 timar. Dagens reisetid, over hundre år seinare, er 33 timar for strekket frå Trondheim til Svolvær, og 41 timar og 15 minutt for strekket frå Trondheim til Hammerfest.

Ein rundtur Bergen–Kirkenes–Bergen tek 11 døgn. Sørgåande sigling (Kirkenes–Bergen) tek fem døgn, nordgåande seks døgn.

[endre] Stoppestader dag for dag

  • Hurtigruta siglar frå Bergen om kvelden 1. dag
MS Kong Harald til kai i Harstad.
MS Kong Harald til kai i Harstad.

[endre] Hurtigruteskip

I dei siste tiåra har Hurtigruta fått moderniserte, til dels luksuriøse skip. Elleve skip bygd mellom 1982 og 2007 utgjer dagens flåte. Dei har ein maksfart på rundt 18 knop, men ruta er lagt opp til ca. 15 knop. Skipa er:


Dessutan går to eldre og mindre skip som avløysingsskip i vintersesongane:

  • MS «Nordstjernen» (1956)
  • MS «Lofoten» (1964)

Det tidlegare hurtigruteskipet MS «Narvik» vart seld til Rogaland sjøfartskole i februar 2007. Skipet vert nytta som skuleskip med namnet MS «Gann».

Bortsett frå «Trollfjord» og «Narvik» har desse namna lange tradisjonar innan hurtigrutefarten.

[endre] Eksterne lenkjer

Commons har multimedia som gjeld: Hurtigruta



aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -