Hollandsch Diep
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hollandsch Diep | ||
|
||
Utspring | Nieuwe-Merwede og Amer | |
Munning | Volkerak og Haringvliet | |
Land i nedslagsfelt | Nederland | |
Lengd | 19 km |
Hollandsch Diep eller Hollands Diep er ei brei elv i Nederland og ein del av estuaret til Rhinen og Maas. Via Schelde-Rhinen-kanalen er ho tilslutta Schelde og Antwerpen.
Elvane Bergse Maas og Nieuwe Merwede renn saman nær Lage Zwaluwe og dannar Hollands Diep. Dordtsche Kil er tilslutta elva nær Moerdijk. Nær Numansdorp delar ho seg i Haringvliet og Volkerak. Ved dette punktet ligg Hellegatsplein i vatnet, eit vegkryss som går til øya Hoeksche Waard i nord via Haringvliet-brua, til Goeree-Overflakkee i vest via Hellegatsdam, og til fastlandet i sørvest via Volkerak-slusene.
På austsida av Hollands Diep går Moerdijk-bruene til øya Dordrecht i nord og til fastlandet i sør. Dette er ei bru for både bil og jernbane. Nyleg har det vorte bygd ein ny jernbanebru for HSL-Zuid.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Hollands Diep» frå Engelsk Wikipedia, den 7. februar 2008.