Hild
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hild, Hilda og Hilde er alle moderne skrivemåtar for det norrøne hildr, eit ord som tydde strid. På islandsk er det blitt til namnet Hildur, som òg er i bruk i Noreg.
Hildr var opphavleg berre ein namnedel som òg kunne brukast som kortnamn, men med dei nyare formene er det òg blitt eit frittståande namn. Det er omlag 300 som heiter Hild, 1 200 som heiter Hilda, 2 000 som heiter Hildur og 18 400 som heiter Hilde i Noreg.
Namnelettet hild eller hilde kan brukast i både manns- og kvinnenamn som førsteledd. Som sisteledd markerer det derimot eit kvinnenamn.
Namn med hild som første del:
Kvinnenamn | Mannsnamn |
---|---|
Hildborg |
Hilberg |
Namn med hild som sistedel:
- Alvhild
- Gunnhild
- Inghild
- Kristhild
- Ragnhild
- Svanhild
- Torhild
- Ulvhild
[endre] Bakgrunnsstoff
- Søk etter norsk namnestatistikk for Hild hjå Statistisk Sentralbyrå