Gustava Kielland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gustava Kielland (fødd Susanne Sophie Catharina Gustava Blom 6. mars 1800 på Kongsberg, død 28. februar 1889 i Skien) var saman med mannen presten Gabriel Kielland ein av føregangspersonane for misjon i Noreg. Ho er elles særleg kjent for å ha skrive julesongen «O, jul med din glede».
Gustava Kielland stifta Noregs aller første kvinneforeining i Lyngdal. Den første møteprotokollen til foreininga er datert 1844.
Elles stod ho saman med mannen i spissen for varige forandringar lokalt og nasjonalt. Andre juledag 1837 vart Lyngdal Afholdsforening stifta på kyrketrappa, og det vart danna misjonsforeninger knytta til kvar av kyrkjene i soknet.
På sine gamle dagar dikterte Gustava sine Erindringer fra mitt liv, gjeve ut som manuskript for slekta i 1882. Ei ny utgåve, bearbeidd for offentlegheita, kom i 1899. Boka inneheld ei samling dikt. Det mest kjende av desse er «Liden Ekorn».
Lyngdal, der Gabriel og Gustava budde store delar av livet, har i dag eit eige misjonsmuseum som hedrar minnet til paret.