Grand Banks
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grand Banks er ei gruppe undervassplatåer sørvest for Newfoundland. Området er relativt grunt med 25 til 100 meter dybde. Den kalde Labrador straumen blandar seg her med det varme vatnet frå Golfstraumen. Blandinga av vatnet frå desse to straumane og formen på botnen løfter næringsstoff frå botnen opp til overflata. Dette området er difor eit av dei beste fiskeområda i verda. Fer er også svær mykje sjøfugl.
Blandinga av varme og kalde straumar gjer også at dette er ei av dei stadene i verda med mest tåke.