Grønsisik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grønsisik |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
grønsisik |
||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||
Carduelis spinus Linné |
Kjenneteikn
Om lag 12cm. Grønsisiken opptrer ofte i flokkar. Den grøn-gule fjørdrakta og det skarpe, smale nebbet er typisk for Grønsisiken. Hoa er meir grå-grøn enn hannen, som også har ein svart hovud kalott og ein svart strupeflekk. Grønsisiken har ei variert kvitring og herming etter andre fuglar. Hannen lokkar hoa med plystring, der den eine lyden er «dettande» og den andre er stigande.
Utbreiing
Han hekkar vanlegvis i gran- eller furuskog. Grønsisiken lever av frø, og kan derfor overleve vinteren i dei fleste stader i Noreg frå år til år. Då vil også bestanden variere forskjelleg i åra. Bestanden kan endre seg så mykje som 100 000 til 1 million.
Forplanting
Reiret er bygd av strå, mose eller lavbitar og han har reiret sitt i bartre. I reiret ligg det 4 - 6 egg som blir ruga av hoa i 2 veker. Egga blir klekt i april – mai, og hoa kan legge to kull. Når ungane er 13 – 15 dagar gamle forlet dei reiret.
Næring
Dei lever av frø frå kongle, men ungane får litt insekt også. Om vinteren et dei ore kongler eller ugrasfrø. Du kan også sjå den på fuglebrettet om vinteren.
Tilpasning
Grønsisiken er ein trekkfugl, men kan overvintre pga. at frøa gjer at den kan overvintre. Han finn mest frø i Sør-Norge der han er mest om vinteren om han ikkje reiser til Mellom- eller Sør-Europa. Han kjem vanlegvis tilbake i mars-april.