Glenn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Glenn er eit namn med keltisk opphav. Namnet kjem av det skotske/irske ordet «gleann» som tyder «(trong) dal».
I Noreg har namnet vore brukt som gutenamn sidan 1920-åra. Fram til 1950-talet var det sjeldan brukt, medan det var populært på 1970-talet. I 2006 er det 3826 menn og gutar som har Glenn som fyrste førenamn i Noreg. Glenn har namnedag 26. mars i Noreg og 22. april i Sverige.
I land som Storbritannia og USA vert Glenn også bruka som familienamn, og meir uvanleg som jentenamn.
[endre] Kjende namneberarar
- Glenn Close – amerikansk skodespelar
- Glenn Miller – amerikansk jazzmusikar og bandleiar
- Glenn Hysén – svensk fotballspelar
- John Glenn – amerikansk astronaut og senator
[endre] Bakgrunnstoff
- Ola Stemshaug, Kristoffer Kruken: Norsk personnamnleksikon. Det Norske Samlaget. Oslo 1982. ISBN 82-521-2036-9
- Søk i namnestatistikken hjå Statistisk Sentralbyrå