Gjest Baardsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gjest Baardsen (13. april 1791–13. mai 1849) fødd i Sogndalsfjøra i Sogndal, død i Bergen) er kjend som meistertjuv. Han kan òg seiast å ha vore forfattar, i og med at han skreiv mellom anna si eige livssoge. Namnet kan òg verta stava Gjest Bårdson. I tillegg opererte han med i rad dekknamn. Baardsen sat mykje i fengsel, men klarde særs ofte å røma. Det vart laga fleire forteljingar og songar om Gjest. I 1939 vart filmen Gjest Baardsen laga med Alfred Maurstad i hovudrolla.
[endre] Nokre verk
- Sjølvbiografien «Gjest Baardsen Sogndalsfjærens Levnetsløb» - 1835.
- «Fengsel og Frihed i tvende Qvad» - 1845.
- «Brændevins-Ondet, en Folkevise med Fortale» - 1846.
- «Acrostichon - eller Gjest Baardsen Sogndalsfjærens Levnet» - ei vise med 26 vers som skulle utgjere «hans fulde Navn» - utgjeven 1848.
- «Ole Høilands død» - ei vise - 1849.
- «Hun sveg mig dog» - ei vise - (utan årstal)
- «Gjest Baardsen Sogndalsfjærens Levnetsløb efter Løsladelsen fra Aggershus Fæstning til hans død» - forfatta av han sjølv, utgjeven 1869.
- «Vandrings- eller Skøiersprog», gjeve ut av Helge Refsum 1948.