Gere og Freke
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gere og Freke er i norrøn mytologi namna på Odin sine to tamme ulvar. Namna tyder noko nær «gråde» og «råskap». Odin har sjølv temja dei, og dei lyder han som hundar.
Snorre Sturlason i Gylvaginning gjev inntrykk av at det er desse ulvane Odin gjev all maten han blir servert i Valhall. Odin treng ikkje sjølv mat, han kan klara seg berre på vin.
Ulvane vert og nemd i Grimnesmål (tala til Grimne). Grimne er eitt av Odin sine mange namn.
- Gere og Freke
- mettar den kampvande,
- stolte Sigersfar
- Av vin åleine
- den våpensmykka
- Odin alltid lever