Geir Sverre Braut
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Geir Sverre Braut (f. 16. januar 1955) er ein norsk lege og assisterande direktør i Statens helsetilsyn. Braut bur på Bryne på Jæren.
Braut var assisterande fylkeslege i Rogaland frå 1985 til 1994 og fylkeslege i Rogaland frå 1994 til 2001, avbrote av eit engasjement i Sosial- og helsedepartementet (1999). Han fungerte som fylkeslege i Telemark (2001).
Han er assisterande direktør i Statens helsetilsyn frå 1. april 2002, etter å ha vore konstituert i eit halvt år (2001-2002).
Braut er cand. med. frå Universitetet i Oslo (1980) og godkjent spesialist i samfunnsmedisin (1997). Han har folkehelseutdanning frå Nordiska hälsovårdshögskolan (NHV) i Göteborg (1991). Han har hatt deltidsstilling som lektor (helseadministrasjon) ved NHV og er førstelektor II ved Høgskolen Stord/Haugesund (helse- og tryggleiksfag).
Han har dessutan følgjande verv:
- Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) - nestleiar i styret
- Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten - medlem av det vitskaplege rådet
- Norsk forum for helserett - medlem av styret, styreleiar frå 2007
- Lærdals fond for akuttmedisin - medlem av fondsstyret
- Norsk katastrofemedisinsk forening - medlem av styret.