See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Gallehus-horna - Wikipedia

Gallehus-horna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kopiar av gullhorna.
Kopiar av gullhorna.

Gallehus-horna, og kjende som berre Gullhorna, er to gullhorn frå jernalderen (truleg frå 400-talet) som vart funne i jorda på den danske garden Gallehus i Slesvig (Sønderjylland).

Innhaldsliste

[endre] Funnet

Det fyrste hornet vart funne av ei tenestejente, Kirsten Svendsdatter, den 20. juli 1636, og dette var det lengste av dei. Nesten hundre år seinare, 21. april i 1734, fann husmannen Erich Lassen det korte hornet. Kirsten Svendsdatter tinga funnet til kongen, og fekk eit skjørt som løn for det. Lassen gav sitt funn til greven på Sachackenborg, som igjen gav det vidare til kongen. Kongen gav 200 riksdalar til greven, som igjen gav festgarden sin til Lassen. Skatten blei oppbevara på Det Kongelige Kunstkammer ved Christiansborg i Rigsarkivets noverande bygning.

[endre] Skildring

Det lange hornet målte 75,8 cm langs ytterkanten og vegde 3,2 kg. Opphavleg har begge horna vore like lange, men spissen på det eine vart funne og smelta om ei stund før. På munningen av kanten på det eine hornet sto det ein setning med urnordisk runeskrift.

Motiva på gullhorna fortel om myter med avbileting av mennesker, dyr og fantasivesner i fleire oppdelte panel. Oldtidsforskaren Ole Worm meinte at ornamenta fortelde moralske allegorier. Willy Hartner kom med si forklaring frå 1969 til at dei er astronomiske opptegningar om ein solformørking i 413, og ei rekke alternative tolkingar er framstilt.

Ole Worm si teikning av det store hornet frå 1641.
Ole Worm si teikning av det store hornet frå 1641.

Gullhorna vakte oppsikt frå fyrste stund, og allereie i 1641 utga Ole Worm ein avhandling om det fyrste hornet, ’’De aureo cornu’’, som òg inneheld den eine av to bevara teikningane av orginalane. Hornet blei òg omtala i Det Franske Vitskapsakademis tidsskrift ’’Journal des Savantis’’ i 1678. Det andre hornet blei skildra av arkivar Richard Joachim Pauli i 1734.

Etter at horna forsvann i 1802, blei ein kopi av horna framstilt ut frå teikningar og samtidige skildringar. Nøyaktige gipskopiar vart laga, og sendt med skip, på bestilling frå kardinalen i Roma, men skipet med kopiane forliste utfor Korsika. Ein ny kopi av gullhorna vart laga i 1980-åra. Her har dei fått ein vridd form, noko som antakeleg er nærare originalane. Begge kopiane har er utstilt på Nationalmuseet i København.

[endre] Runeinnskriftane

Horna er datert til 400-talet, slutten av romersk jernalder, og er det best kjende eksempelet på ein urnoridsk tekst. Innskriftane seier: «ek hlewagastiR holtijaR horna tawido». Det finst fleire tydingar av denne setninga, ein av dei er «eg, Lægjest av Holt, gjorde hornet». Ordet 'holtijaR' har óg vorte tolka som 'skogsmannen' eller 'son av Holt'.

Enkelte meiner at Lægjest må vera kongen Liutgast som er kjend frå folkevandringstida i Danmark om lag 450, og som skal ha vore rik på gull. Det edle materialet og utsmykkinga tyder på at horna hadde ein rituell funksjon. Det fantes på denne tida importerte drikkehorn av glas med liknande form, og lokale drikkehorn av oksehorn med bronsekappe. Ein hadde òg trehorn til å blåsa på som kan minna om gullhorna. Ein 78 cm lang lur frå 400-500 etter vår tidsrekning blei funne utanfor Herning i 1993.

Urnordisk er eit så arkaisk språkform at ein frå tysk side har hevda at gullhorninnskrifta like gjerne kunne vera gammal tysk. Men om gullhorna er frå 400-talet etter vår tidsreikning og urnordisk då hadde vore skilt frå urgermansk i over to hundre år, vert den tyske påstanden lite truverdig, sjølv om likskapar med urgermansk nok er å finna.

[endre] Tjuveri

Men I see kun Guldets Lue,
Ikke det ærværdigt Høie;
Sætte dem som Pragt til Skue
For et mat nysgierrigt Øie.

Himlen sortner, Storme brage;
Visse Time! du er kommen.
Hvad de gav, de tog tilbage.
Evig bortsvandt Helligdommen.

avsl. av Guldhornene, Adam Oehlenschläger

Kvelden den 4. mai i 1802 blei gullhorna stolne, og tjuveriet vakte stort oppstyr. Tjuven blei etterlyst i både aviser og skillingsviser. Ein dusør på 1000 riksdalar blei utlova. Den 27. april 1803 blei den fattige gullsmeden Niels Heidenreich pågripen, og tri dagar etter tilsto han å ha stole horna. Fleire medlem av gullsmedlauget hadde i lang tid misstenka Heidenreich for å ha stått bak gjerninga. Det viste seg at smeden hadde låst seg inn med hjelp av nykelen til si eiga inngangsdør og ein nykel som han hadde forlenga skaftet på. Heidenreich vart dømd og sett i tukthus i 1840, og han døydde i 1844.

I året som var gått mellom tjuveriet og pågripinga hadde smeden smelta om horna heime på sitt eige kjøkken og brukt gullet til å framstilla mellom anna smykke og skospenner. Kjøparar av «gullhornsgull» leverte gullet attende, og det blei smelta om på Den Kongelige Mønt. Soleis forsvann spora etter Gullhorna for alltid. Ein liten rest av gullhornsgull kan vera bevart i eit par øyreringar som i dag finst på museet i Ringe på Fyn.

Tjuveriet av gullhorna gav nasjonalromantikaren Adam Oehlenschläger inspirasjon til diktet Guldhornene, kanskje det største danske diktet frå romantikken. Diktet blei skrive rett etter tjuveriet, mens Oehlenschläger budde berre nokre få hus ifrå Heidenreich. Etter tapet av gullhorna blei dei eit symbol på «Danmarks glorværdige fortid».

Den 17. september 2007 vart kopiane av Gallehus-horna igjen stolne, då dei var på utstillinga Kongernes Jelling i Jelling. Dei kom tilbake i rette hender allereie to dagar etter, den 19. september 2007.

[endre] Bakgrunnsstoff


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -