Gallaantrekk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gallaantrekk er ei drakt som kan nyttast i store anledningar, slik som kveldsselskap, bryllaup, ball eller liknande. På innbydninga står det då oftast: "Antrekk: Galla", eller "Antrekk: Kjole og kvitt". Formelt er dette det finaste antrekket ein kan ha.
For mannen er galla anten kjole og kvitt (også kalla snippkjole eller livkjole) eller militær gallauniform. Dei kan også ha på seg bunad, men berre dersom kvinna han kjem saman med også brukar det. Dersom kvinna går i vanleg kjole, eller han kjem åleine, bør han ikkje nytte bunad.
Kvinna kan gå i lang kjole, til dømes ballkjole. Dette skal vere kvinnas flottaste antrekk, så her er det meste av pynt tillete. Kvinner kan også bruke bunad, også om dei kjem åleine.
![]() |
Denne artikkelen inneheld berre ein ordboksdefinisjon. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å gi artikkelen meir innhald. |
Sjå òg: Oversyn over definisjonar. |