See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Frontlastar - Wikipedia

Frontlastar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fig. 1 International Harvester 2927 med Ålø Quicke frontlastar.
Fig. 1 International Harvester 2927 med Ålø Quicke frontlastar.
Fig. 2 Zetor 10641 med frontlastar.
Fig. 2 Zetor 10641 med frontlastar.
Fig. 3 Transport av rundballar med frontlastar.
Fig. 3 Transport av rundballar med frontlastar.


Frontlastar, òg kalla lessapparat, er ein frontmontert traktorreiskap som vert nytta til lasting, planering og av og til transport over korte avstandar.

Innhaldsliste

[endre] Oppbygging

Frontlastarar har to løftearmar, ei på kvar side av traktoren, som vert lyfta av hydrauliske sylindrar. På enden av lyftearmane vert det montert ymse typar skuffer, eller anna reiskap. Moderne frontlastarar har som oftast dobbeltwerkande løftesylindrar, som gjer det lettare å fylla skuffa, syta for at planeringsskjer har rett arbeidsdjupn, osv. Vinkelen på skuffa vert endra med hjelp av to separate dobbeltverkande sylindrar, Fig. 2. Mange frontlastarar har òg parallelføring, Fig. 2, noko som er nyttig til dømes ved bruk av pallegaffel.

Frontlastarar som vert nytta innan landbruket vert som oftast drivne av same hydraulikkpumpe som trepunktsoppgenget på traktoren. Oljen går fyrst til ein styresentral og deretter via rør og slangar til hydraulikksylindrane på frontlastaren. Slangane har snøggkoplingar, for å letta av- og påmontering. Det er viktig å tørka av snøggkoplingane på slangane for dei vert førte saman, slik at det ikkje kjem urinheiter inn i hydraulikksystemet. Mange frontlastarar har ein ekstra styrevevtil for bruk i samband med gripeutstyt og liknande.

Frontlastaren vert manøvrert frå førarhuset på traktoren. Tidlegare var styevesentralen plassert i eller rett utanfor førarhuset og manøvreringsspakerne var plassete direkte på sleideventillane i sentralen. Moderne frontlastarar har som oftast elektro-hydraulisk manøvrering og føraren nyttar ein ergonomisk plassert styrepinne.

[endre] Montering

Det er vanleg at frontlastarar er usttyrte med snøggkopling, sli at dei kan monterast av eller på på nokre minutt. Ein slepp då å køyra rundt med frontlastaren når ein ikkje har bruk for han. Det opnar òg muligheita for å nytta han på meir enn ein traktor, om begge traktorane er utstyrte med rett tyoe snøggkopling.

Den delen av snøggkolinga som sit på traktoren vert montert med festebrakettar som vert skrudd fast på traktoren. Desse må tilpassast kvar einskild traktormodell, men frontlastarprodusentane er raske til å tilpassa brakettane til nye traktorar, slik at lastarane deira kan nyttast saman med så mange traktorar som mulig. Større frontlastarar som vert nytta på taktorgravarar har ofte festerammer som går bakover og er feste på bakakselen, eller på ramma som mange moderne traktorgravarar er utstyrt med.

[endre] Reiskap

Fig. 4 Gjødselgreip.
Fig. 4 Gjødselgreip.

Mange ulike typar skuffer er tilgjengelege. Forutan universialskuffer, som vist på Fig 1, finst det skuffer med tenner, planeringsskuffer, snøskuffer, osb. Vidare finst det silograbbar, pallegafflar, rundballspyd, naturgjødelsgreiper som vist i Fig. 4, hydraulisk opererte gripereiskap, snø- og planeringsskjer, sov. Nokre produsentar leverer òg forlengingsmodular som aukar lyftehøgda.

[endre] Krav til traktoren

Bruk av frontlastar aukar påkjenningane på framakselen, men moderne landbrukstraktorar er som oftast dimensjonerte for bruk av frontlastar. Det er ein føremon at traktoren har firehjulsdrift, ettersom dette aukar både framkomstevna og bæreevna. Om ein planlegg å nytta traktoren mykje med frontlastar kan det vera fornuftig å montera dekk med fleire lag enn standard på framhjula. Det kan òg vera naudsynt å auka lufttrykket i framhjula når ein skal utføra mykje tungt frontlastararbeid.

[endre] Krav til aktsemd

På grunn av at framakselen på traktoren pendlar på midten vert stabiliteten redusert ved bruk av frontlastar. Det er difor naudsynt å syna aktsemd ved tunge løft og i bratt lende. For å auka stabiliteten vert det ofte nytta ei bakmontert motvekt.

Ved kjøring på offentleg veg bør gaflar og reiskap med tinnar avmonterast. Om ein transporterer last bør lasta sikrast slik at ho ikkje detta av og skadar andre trafikkantar.

[endre] Soge

Fig. 5 Eicher EM 200 frontlastar frå 1960-talet.
Fig. 5 Eicher EM 200 frontlastar frå 1960-talet.

Dei fyrste frontlastarane kom på marknaden tidleg på 1950-talet, då hydrauliske pumper, sylindra, ventillar og høgtrykkslangar var tilgjengelege til ein overkommeleg pris. Tidlege frontlastarar hadde enkeltverkande løftesylindrar og reiskapen var montert med ein fast vinkel og hadde manuelle utløysing. Fig. 5 syner eit lessapparat frå tidleg på 1960-talet. Traktorane på denne tida var ikkje dimensjonerte for den ekstra belastninga og det hende av og til at framakelen eller dekka på framhjula gjekk sund.

[endre] Sjå òg


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -