Frierfjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frierfjorden er den lensgte fjorden i Telemark. Han ligg i Grenland, har innløp mellom Brevik og Stathelle og strekk seg 15 km inn til munningen av Porsgrunnselva. Ved munningen av Porsgrunnselva strekk Gunnekleivfjorden seg sørøstover på nordsida av Herøya. Lenger vest går ein annan fjordarm kalla Vollsfjorden seg vestover mot Rambekk.
Innløpet, kalla «Strømmen» eller «Breviksstrømmen», er om lag 300 m breidt og vert kryssa av Breviksbrua. Litt lenger inne vert fjorden kryssa av av den nyare Grenlandsbrua (E18), som er den høgaste skråkabelbrua i Noreg.
Frierfjorden har stor skipstrafikk, m.a. til Rafnes i Bamble, Norsk Hydro i Porsgrunn og, fram til nedlegginga i 2006, til Union i Skien.
Namnet «Frier» kjem truleg frå norrønt språk og tyder «den vakre».
Tidlegare var magnesiumfabrikken på Herøya ein av dei største punktkjeldene i verda for utslepp av dioksinar, noko som førte til kraftig forureining av Frierfjorden. Hydro sin magnesiumfabrikk på Herøya slapp i perioden fram til 1990 ut like mykje dioksinar som samtlege kjelder i heile Sverige.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Frierfjorden» frå Wikipedia på bokmål, den .