See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Fredrik Barth - Wikipedia

Fredrik Barth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fredrik Barth (fødd 22. desember 1928) er ein norsk sosialantropolog som har utgjeve forskjellige etnografiske bøker med eit klart formalistisk syn.

Han er velkjend blant antropologar for sine analyser av transaksjonar i Swat-dalen i Nord-Pakistan. Han er også kjend for studier av mikroøkonomiske prosessar og entrepenørverksemd i Darfur-provinsen i Sudan.

Fredrik Barth er redaktør for den grensesprengjande ”Etniske grupper og barrierer(1969)”, der han studerer framgangsmåten med å ha stadig diskusjon om grensane og barrierane mellom ulike etnisitetar. Barth sitt syn er at kulturar ikkje er isolerte og absolutte, men at dei stadig utviklar seg og påvirkar kvarandre. Barth vil til livs antropoligiske idèar om at kulturar er bundne til etnisitet. Han vil heller ha fokus på forhaldet mellom ulike grupper.

”Etniske grupper og barrierer” har derfor eit fokus på forhaldet mellom ulike etniske identitetar. Barth skriv på side 9: ”[…] kategoriske etniske ulikheitar avhengjer ikkje av mangelen på mobilitet, kontakt eller informasjon, men er avhengig av sosiale prosessar som eksklusjon og inkorporasjon der diskréte kategoriar blir vedlikehald ”på tross av” endra deltaking og medlemsskap i individets livsgangshistorie.” Barth påpeiker vidare at gruppekategoriar, til dømes etniske merkelappar, vil i dei fleste tilfelle vare sjølv om individ beveger seg over grenser eller delar ein identitet med folk i meir enn ei gruppe.

Den gjensidige avhengigheita til etniske grupper er eit diffust argument gjennom både introduksjonen og dei følgjande kapitla i Barth si redigerte bok. Gjensidige avhengige, etniske identitetar er eit produkt av gjennomgåande såkalla ”tilleggelse” og ”sjølvtilleggelse”, der Barth vektlegg interaksjonsperspektivet av sosialantropologi på nivået til personane involvert i staden for på eit sosialstrukturelt nivå. Etnisk identitet er og blir fasthalden gjennom relasjonsprosessar av inkludering og ekskludering.

Barth var ein av dei ordentlige sosialantropologane. Han reiste ut i verda og leita etter nye stammar. Barth fant ein heilt ny stamme på Ny-Guinea. I dette lille besøket på Ny-Guinea hadde Fredrik mange heldige samantreff. Til dømes hadde denne stammen det slik at di meir kvit du var i huda, di høgare status hadde du. Han lærte seg også viktige historiske forteljingar utanat, slik at han tileigna seg store kunnskapar om kulturen deira. På grunn av dette blei han sett på som smart og dermed ein gud. Denne stammen hadde også ein tradisjon med at alle sov i fleire sov i samme hytte, berre gudar fekk eiga hytte. Barth fekk derfor sove for seg sjølv. Flaks Barth!


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -