Frå høge himmel kjem eg ned
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Frå høge himmel kjem eg ned» (nynorsk) eller «Fra himlen høyt jeg kommer her» (bokmål) er det norske namnet på den tyske julesongen «Vom Himmel hoch da komm’ ich her», som vart skriven av Martin Luther i 1535 til tonen åt dansevisa «Ich kum aus fremden Landen her». Tonen vart seinare noko endra og fekk si noverande form på 1600-talet.
Magnus Brostrup Landstad omsette teksten til dansk i 1855, og bokmålsteksten ein finn i Norsk Salmebok på nummer 36 er brigda frå denne. Nynorksteksten på nummer 37 er omsett av Christian Rynning og Per Lønning.