Folkerøystinga om atomkraft i Sverige
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Folkerøystinga om atomkraft i Sverige var ei folkerøysting om i kva grad Sverige skulle satsa på atomenergi, og då særleg atomkraftverk. På svensk språk vert røystinga omtala som Folkomröstningen om kärnkraften. Røystedagen var den 23. mars 1980. I røystinga kunne ein velja mellom tre framlegg, som var gjeve namna Linje 1, Linje 2 og Linje 3. Resultatet vart 18,9% for Linje 1, 39,1% for Linje 2 og 38,7% for Linje 3. Linje 1 var mest positiv til framtidig bruk av atomkraft, linje 2 var ei mellomløysing, medan linje 3 innebar ei nedlegging av atomkraftverka innan ti år og ei auka satsing på energiøkonomisering.
Avgjerda om å skipa til ei folkerøysting var teke i etterkant av Harrisburgulukka i USA i 1979 og med ein veksande opposisjon mot satsing på atomkraft i Sverige. Alle partia i den svenske riksdagen var med på kravet om folkerøysting.
Dei politiske partia i riksdagen sat saman i tre dagar for å formulera framlegga i folkerøysinga. Leiar var statsminister Thorbjörn Fälldin(c). Ingvar Carlsson(s) har i ettertid hevda at han før forhandlinga kom fram til at det logisk sett burde vore fire framlegg. På nei-sida ynskte mange å stenga ned kjernekraftverka med ei gong. Nei-folka var redde for å gå glipp av mange veljarar som syntest at ei brå nedstenging skulle få altfor store økonomiske konsekvensar. Nei-sida samla seg då om eit framlegg som gjladt avvikling innan ti år (Linje 3). På ja-sida fanst det dei som ynskte å halda fram med satsing på atomenergi. Ikkje noko parti våga å stå for dette synet, og det vart difor ikkje eit eige framlegg i folkerøystinga.
Moderaterna, folkpartiet og socialdemokraterna førde forhandlingar for å formulera eit samla ja-alternativ. Atomreaktorane skulle kunna nyttast i si tekniske livslengd, som var rekna å vera 25 år. Forhandlingane braut til slutt saman av di moderaterna ikkje kunne akseptera nokre tilleggsframlegg. Tilleggsframlegga gjekk på private ikkje skulle eiga kraftverka, og at privat vinst frå vasskraftverk skulle skattleggjast hardare. Resultatet vart at moderaterna stod for Linje 1, folkpartiet og socialdemokraterna for Linje 2. Centerpartiet, kds (no Kristdemokraterna) og vpk (no Vänsterpartiet stelde seg bakom Linje 3.
Etter folkerøystinga avgjorde riksdagen at alle reaktorar skulle vera stengd ned innan år 2010. Ein rekna at Forsmark 3 og Oskarshamn 3, som skulle tas i bruk først i 1985, hadde ei teknisk livslengd på 25 år. Året 2010 var ikkje formelt ein del av framlegga i folkerøystinga linjerna i folkomröstningen, men vart nytta i kampanjen for Linje 2. Seinare har ein gått vekk frå avgjerda om avvikling innan 2010.
[endre] Røysteresultat
[endre] Folkerøystinga om atomkraft i Sverige
Län | Linje 1 | Linje 2 | Linje 3 | Blanke røyster | Sum | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Tal | Prosent | Tal | Prosent | Tal | Prosent | Tal | Prosent | ||
Stockholms län | 230 045 | 25,41 | 295 837 | 32,68 | 350 942 | 38,76 | 28 503 | 3,15 | 905 327 |
Södermanlands län | 23 946 | 16,56 | 67 192 | 46,46 | 48 110 | 33,27 | 5 367 | 3,71 | 144 615 |
Östergötlands län | 42 343 | 18,93 | 95 022 | 42,49 | 77 278 | 34,56 | 9 011 | 4,03 | 223 654 |
Jönköpings län | 29 717 | 17,06 | 67 137 | 38,56 | 71 314 | 40,95 | 5 984 | 3,44 | 174 152 |
Kronobergs län | 16 909 | 17,54 | 35 669 | 37,01 | 40 702 | 42,23 | 3 098 | 3,21 | 96 378 |
Kalmar län | 23 468 | 17,30 | 54 507 | 40,19 | 53 568 | 39,50 | 4 072 | 3,00 | 135 615 |
Gotlands län | 4 161 | 13,67 | 10 474 | 34,41 | 14 843 | 48,76 | 964 | 3,17 | 30 442 |
Blekinge län | 15 116 | 18,12 | 41 359 | 49,59 | 24 141 | 28,94 | 2 788 | 3,34 | 83 404 |
Kristianstad län | 35 937 | 23,74 | 62 629 | 41,38 | 47 490 | 31,37 | 5 312 | 3,51 | 151 368 |
Malmöhus län | 124 584 | 28,36 | 190 651 | 43,40 | 109 310 | 24,88 | 14 745 | 3,36 | 439 290 |
Hallands län | 24 695 | 18,70 | 45 813 | 34,69 | 56 498 | 42,78 | 5 059 | 3,83 | 132 065 |
Göteborgs och Bohus län | 80 584 | 19,30 | 145 791 | 34,92 | 177 136 | 42,42 | 14 034 | 3,36 | 417 545 |
Älvsborgs län | 39 797 | 16,45 | 91 748 | 37,92 | 101 869 | 42,11 | 8 508 | 3,52 | 241 922 |
Skaraborgs län | 24 557 | 16,13 | 52 248 | 34,32 | 70 079 | 46,03 | 5 363 | 3,52 | 152 247 |
Värmlands län | 25 224 | 15,02 | 67 239 | 41,68 | 63 929 | 39,63 | 4 924 | 3,05 | 161 316 |
Örebro län | 21 975 | 13,79 | 69 127 | 43,37 | 63 162 | 39,62 | 5 136 | 3,22 | 159 400 |
Västmanlands län | 29 375 | 20,02 | 64 666 | 44,08 | 46 922 | 31,98 | 5 738 | 3,91 | 146 701 |
Kopparbergs län | 19 249 | 11,91 | 65 725 | 40,67 | 71 112 | 44,00 | 5 531 | 3,42 | 161 617 |
Gävleborgs län | 17 145 | 10,32 | 69 911 | 42,08 | 74 080 | 44,59 | 5 000 | 3,01 | 166 146 |
Västernorrlands län | 15 831 | 10,09 | 67 923 | 43,28 | 68 661 | 43,75 | 4 519 | 2,88 | 156 934 |
Jämtlands län | 7 250 | 9,58 | 31 259 | 41,30 | 35 120 | 46,40 | 2 058 | 2,72 | 75 687 |
Västerbottens län | 13 734 | 9,81 | 56 827 | 40,58 | 65 938 | 47,09 | 3 527 | 2,52 | 140 026 |
Norrbottens län | 14 107 | 9,91 | 67 948 | 47,75 | 56 656 | 39,81 | 3 589 | 2,52 | 142 300 |
Heile Sverige | 904 968 | 18,94 | 1 869 344 | 39,12 | 1 846 911 | 38,65 | 157 103 | 3,29 | 4 778 326 |