Folkemord
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Folkemord er ei nemning brukt om ein medviten politikk som har som mål å utrydda eller svekka ei folkegruppe. I Folkemordkonvensjonen frå SN blir dette brotsverket definert som:
«en hvilken som helst av de følgende handlinger som er begått i den hensikt å ødelegge helt, eller delvis, en nasjonal, etnisk, rasemessig eller religiøs gruppe som sådan:
- å drepe medlemmer av gruppen;
- å forårsake alvorlig legemlig eller sjelelig skade på medlemmer av gruppen;
- bevisst å la gruppen utsettes for levevilkår som tar sikte på å bevirke dens fysiske ødeleggelse helt eller delvis;
- å påtvinge tiltak som tar sikte på å forhindre fødsler innen gruppen;
- med makt å overføre barn fra gruppen til en annen gruppe.»
[endre] Bakgrunn
Under den andre verdskrigen laga den polsk-jødiske juristen Raphael Lemkin omgrepet genocid (gresk genos, 'familie', 'stamme' og cide, 'mord'). Folkemord var, ifølge Lemkin, å drepa andre menneske på grunn av kva dei var, for eksempel ut frå trusretning, etnisk tilhøyrsle, seksuell legning eller kjønn, og ikkje på grunn av noko dei hadde gjort.
Etter lang tids interesse for den omdiskuterte armenia-massakren, og det jødiske holocaust som fann stad på hans eiga tid, ville Lemkin laga ein lov som kunne visa at systematiske drap på menneske på grunn av rase, religion eller overtydingar var eit brotsverk verre enn alle andre. Loven skulle hindra slike grufulle handlingar frå å bli gjorde igjen.
I 1948 fekk Lemkin gjennomslag for loven som ein del av folkeretten i SN, og han gjeld den dag i dag. Skyldige i folkemord kunne fra no av dømmast for ein internasjonal domstol.Den internasjonale straffedomstolen i Haag handsamer rettsaker mot personar anklaga for mellom anna folkemord.