Folke Bernadotte
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Folke Bernadotte af Wisborg (fødd 2. januar 1895, død 17. september 1948) var ein svensk greve, ein av leiarane av den svenske Raudekrossen og diplomat. I Noreg er han mest kjend for arbeidet med organiseringa av Dei kvite bussane, som førte til at mange norske og danske fangar i nazi-tyske konsentrasjonsleirar vart frigitt.
Han vart utnemnd til FN sin hovudmeklar i Palestina i 1948, blant anna klarte han å få til ein våpenkvile mellom Israel og dei arabiske landa. Under oppdrag i Jerusalem vart han 17. september 1948 myrda av ei jødisk terroristgruppe, Stern-gjengen.
Kjelde: Bokmålswikipediaen.